Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sedd til den Vonde. I IO
han rett vakker, med ramsvart Haar og stort
svart Munnskjeg; Andlitet hadde eit framandt,
men fint Lag, og han hadde ein stor, krum
Nase som Nebben paa ei Ørn elder ein Hauk.
Med Gunhild vilde han altid hava Lag, og til-
slutt tok Gunhild den Tanken, at han var komen
til Gards som Friar. »Kva vil denne Karen
her?« spurde ho Far sin. Den gamle saag paa
henne og glyrde med Augo. »Er det ikkje
snaal Gut?« spurde han. »Det er kanskje meg,
han gjeng etter*« heldt Gunhild fram og saag
kald ut. »Ja<, svarad Futen stutt, han saag at
ho ikkje likad det; »og det er Meiningi han
skal faa deg med. Han er ikkje rik, men han
er av Adel . . + naa, eg hev mine eigne Tan-
kar med det. Legg Merke til dette, so du kann
vita aa stella deg rett mot hanl« Futen gjekk;
Gunhild stod der som forklumsad.
Daa IHr. Jørgen sidan paa Dagen saag henne
att, vart han reint forfæld og spurde, kva som
var tids! Han var ikkje fri han heldt av Gjenta, og
dessutan var ho 1 Grunnen hans Festemøy, meinte
han, so han tottest hava all Rett til aa spyrja.
Daa sagde ho han alt. Han som var Adels-
mann, kunde ikkje vilja tvinga seg fram, naar
han fekk høyra Sanningi. Og ho forklarad han,
at ho heldt av ein annan og hadde lovast med
honom; var han no ein ærleg Adelsmann, so
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>