- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
153

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 153

slik paa Langferd, ung og aaleine som ho var,
so hadde ho sett upp eit forunderlegt Smil og
sagt, at 20 greidde seg nok. For Gamle Erik
var ein ærleg Handelsmann, lagde ho til.
Sidan hadde Mor Judith korkje høyrt elder spurt
til Gunhild.

Men heim til Heimbygdi, til Futen Niels
Pedersøn, kom det einkvar Gongen Fraasegner,
som gjorde, at Gamlen kvitnad i Hausen svært
fort. Det vart sagt, at Gunhild var komi til
Danmark, og der hadde ho teket seg svært ille
upp. Ho skulde ha gjevet seg i Lag med Ko-
mediantar, vart det fortalt, og gjorde Kunster
paa Teatret saman med desse Folk, og ho
gjorde sine Kunster godt, ja var ei med dei
fremste. Vart altso vælumtykt, serleg, sagdest
det, av unge Herremenn, som brydde seg mindre
um Pengar enn um glade Dagar, og som ikkje
hadde Ord for aa vera heilage. Kor mykje som
no var sant av alt dette var vandt aa vita;
men Futen,. som kjende Ætti, kunde nok tenkja
seg, at Gjenta fann paa baade det eine og det
andre. Daa han nokre faae Aar etter døydde,
vart det sagt og trutt rundt heile Bygdi, at det
var Tanken paa Dotteri, som hadde brotet den
sterke Mannen ned.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free