Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sedd tl den Vonde,
157
ikkje sjølv, at ho kunde liva so reint utan
Tanke; men i det trettande tok det nye Livet
til aa eldast for henne, og 1 det fjortande var
ho leid av det; i det femtande kjempad ho mot
sine gamle Minne som Patriarken mot Engelen
— for det nyttad ikkje aa minnast -—; men i det
sekstande tok Minni Magti, og fraa den Tidi
var det, at den djupe Fæla, som budde 1 henne,
vart til Sjukdom. Ho gav seg meir og meir
yver i sine grufulle Tankar, og det, som ho
fyrr hadde gløymt paa ein Maate -— for Barnet
var Zans, ikkje hennar —, det grodde no sterk-
are og sterkare fram i henne: at ho hadde ein
Son. Og den Sonen maatte no vera stor, fager,
ein Son til aa elska, ein Son til aa rettleida og
hjelpa, ein Son til aa liva seg ung att i. Naar
ho tenkte paa dette, kunde ho graata av Lengt.
Kjærleik var det ho saarast trengde, Barnekjær-
leik; all annan var ho trøytt av, for den hadde
ho funnet svikefull’ og tom, ei hol, innkald Lygn;
men eit Barns Elsk, eit Barns gode, truskyld-
ige Elsk, — sitt Liv kunde ho gjeva for den,
for ei einaste Stund i Livd av den. Kor var
han? korleis hadde han det? kva Upplæring fekk
han? Og kva tenkte han um Mor si, som i
alle desse Aar 1.0
Slik gjekk ho og drøymde, og so kom
Minnet, det blodsprengde, andskræmelege Min-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>