Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
160 Seld til den Vonde.
det stillt. Han hadde leset heile Djevelskapen
ned i Jordi paa mindre enn ein Time. Det
gjekk eit stort Ord um han i Byen, og Folk
saag paa han med ein Age, som var sterkt fyllt
med Rædsla.
Til denne Mannen tenkte Gunhild, at ho
burde gaa. Og ho gjekk. Hr. Olaus tok imot
henne med stort Aalvor; det saag ut til, at han
visste um henne. »Du hev visst Synder paa
deg, du?« sagde han.
Ho var ikkje van med slik Tiltale og vart
tryllt ved det; endeleg svarad ho, at Synderne
sine vilde ho helst gjøyma til Skriftestolen; men
det var ein annan Ting, ho gjerne vilde spyrja
Presten um, dersom ho fekk Lov. Jau, Lov
fekk ho. Ja, det var daa det, um Presten trudde,
at. at det sjekk an 2 Jå Presten
laut orsaka, um ho spurde nokot beintfram, og
underlegt ... men, um det gjekk an aa narra...
den Vonde? Um det var rett, og um det leet
seg gjera —? »Det er ikkje for meg sjølv,
eg spørs, lagde ho til med urolege Fakter;
»men kunde eg faa eit greidt Svar, so vilde
det koma meir enn væl med for baade meg
og andre.«
Presten stirde lengje og hardt paa henne;
ho slog Augo ned og kunde ikkje sitja roleg.
»Um det er rett?<x kvesste han sistpaa i.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>