Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seld til den Vonde. 173
Prinsessa der hev frelst meg, og no hev eg
funnet Mor mi; no hev eg alt, som skal til for
aa liva godt, og no tenkjer eg me skal faa det
godt alle.« Anna lagde seg sæl inn til han;
han smilte lystigt til Mor si.
Dobbelt vondt vart det for Gunhild no.
Der stod Guten, den sælaste i Verdi, ung, sterk,
glad, med Livet framfor seg, med Voner so
fagre som dei kunde drøymast; det stygge og
vonde hadde han gjenomstridt, det gode og sæle
hadde han etter; no var han framfødd; no skulde
det byrja, og so, just i same Stundi, kom ho,
Mor hans, yver han som ein svart Lagnad,
med Likferdsbod, med Gravklokkur; um nokre
Dagar skal du ut av Livet, um nokre Dagar
skal du rivast ut or di nyreidde Brudgomsseng
og sendast til Helvites Avgrunn. —
Dei tvo unge stod der som avdaamde.
Gunhild bleiknad burt for dei, treiv villt um
seg i Lufti og seig i Uvit. Kva i Guds Namn
var tids?
»Ho vart visst altfor glad<, sagde Baard.
»Ho døyr væl ikkje?« spurde Anna. »Neix,
meinte Baard. Dei hadde lagt henne upp paa
ein Sovebenk og dynkad henne kring Panna
med kaldt Vatn, og snart etter vaknad ho.
Anna kom mest paa Graaten av Gleda, daa ho
slog Augo upp att. »Kjære, kva er som fell
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>