Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seld til den Vonde. 181
nokon Ting tids. Han fortalde henne det som
ho hadde sagt, daa ho laag sjuk, og um dei
Tankarne, han hadde teket av det. Gunhild
sat og gjøymde Andlitet; han kunde sjaa, at det
gjekk Skjelte-rider gjenom henne; men ho svarad
ikkje. Daa vart han aalvorleg rædd. »Svara
meg, Mor! Søal eg døyt« sagde han. »Eg
gjeng her og sjuknar burt av Uro; eg fær ikkje
Fred korkje Nott elder Dag; seg meg, at eg
tek i Misst! seg, at eg ikkje skal døy!| at det
er berre sjuke Innbillningar av meg! Seg det
Mor! eg bed deg! — for eg kann ikkje døy
noc. Gunhild svarad ikkje eit Ord, men sat
liksom og vreid seg. Tilslutt sprang ho inn i
Soveromet sitt. og stengde seg inne. Baard
høyrde, at ho stunde og bar seg der inne, liksom
ho hadde vondt.
I si Sjælenaud gjekk Baard til Doktaren.
Doktaren sagde at han var frisk som ein Fisk,
»og du døyr ikkje, — utan det skulde vera so
lagat«. »Men eg vil ikkje døyl« sagde Baard.
»Hyss, Gutc, svarad Doktaren. »Er det Guds
Vilje, so lyt du nok bøygja deg<. — Guds Vilje!
Kor kunde Gud vilja slikt! Ikkje den verste
i Verdi kunde vilja det . ..
Han gjekk til Presten. Ikkje til den unge,
men til den gamle, den, som han kjende. »Kann
slikt vera Guds Vilje?« spurde han. >»Me kann
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>