Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seid til den Vonde. 187
Presten. »Jau dessverre,« svarad Baard. »Idag,
i denne Kveld kjem han og vil hava meg; for
han eig meg, han hev kjøpt meg .. .« »Hev
du, som er so ung —?< »Ikkje eg, men andre!
andre hev selt megle« — »Andre —? Kven
andre kunde selja deg?« spurde Presten forbinad.
Baard leetst ikkje høyra.
»No vil eg spyrja deg,« heldt han fram,
»gjeld den Handelen? Hadde andre Rett til
aa gjera slikt med meg?« »Retten skal me ikkje
tala um,« sagde Presten. »Men um Handelen
gjeld, det stend paa, kven desse andre var.«
»Det var . . . men er det visst, at ingen fær
vita det?« — »Tvilar du —% »Aa nei, det
er satt 0 Jå, det var 0 detivar Mor mia
Presten glodde. Var slikt Raad. Kunde
eit Kvende koma so langt? Kunde ei Mor
selja sitt eiget Barn? Stod det ikkje skrivet,
at det er Uraad, at ei Mor kann forgløyma
Barnet sitt? I Sanning, Mannshjartat var ein
fæl og forskræmeleg Ting, fullt av stygge Gaa-
tur og Løyndomar, mett med ugudelege Hug-
drag og djevelske Lyster; men slikt hadde han
endaa . ikkje tenkt. »Fortelc, sagde han til
Baard. »Er dette sant; so maa det vera ei
syrgjeleg Soga. Fortel alt, og gjev deg Tid;
um den Vonde kjem, so kjem han ikkje utan
ved Midnott.«
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>