Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Seld til den Vonde. 195
Det var langt paa Kvelden. Presten drog
paa seg Kjolen, tok til seg ei gamal Bok, som
Baard saag paa med stor Gleda, for han trudde
det var Svarteboki; so fann Presten fram Kyrkje-
lykjelen og ei Lykt og bad Baard fylgja seg.
For Altaret er me tryggare enn her,« sagde
Presten; Baard saag, at han var bleik. Dei gjekk.
Men daa dei var eit Stykke ifraa Fluset,
kom det tvo Kvende fram or Skuggen og fylgde
stilt etter. Den eine studde den andre uppe,
og dei hadde stor Møda med aa vinna seg fram.
Det bar til Kyrkja.
Veret var stygt. Gaturne var tome, Husi
stengde; gjenom Storm-ylen høyrdest Sus og
Marm fraa Sjøen liksom ein djup, haas Tone.
Presten kunde knapt koma fram for Kjolen sin;
men Baard gjekk og heldt han fast i Haandi
og tottest sjaa den Vonde glytta fram med
Skinnvengjer og Horn bak kvar Gavl. Han
hadde aldri visst, at Vegen til Kyrkja var so
lang.
Endelig var dei der. Presten sette Lykje-
len i Døri og vreid upp; det sukkad forunderleg
i Laasen, og Gjengi skreik. Innanfor var fælande
stillt; men ei vaat, tung Steinluft stod imot dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>