- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
197

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 197

sten snudde seg fraa Altaret og slog ein vid
Krins kring seg i Lufti med Haandi, gjorde
Krossteiknet til alle Sidur og tok so til aa beda.
Han bad fyrst Gud tilgjeva, at han kom fram
til hans Altar med ein so syndig Mann, som i
alle sine Dagar hadde livt i Agaløysa og Van-
tru; —< men no hev han bøygt seg og gjevet
seg i ditt Vald, og søkjer her audmjukeleg din
Naade; difor bed eg for honom, og bed deg av
di endelause Miskunn um aa frelsa han i den
store Naudi, han er i no, og aa vera hjaa oss
baae i denne Stund og berga oss baae, men
honom iser, fraa Djevelens Magt og arge List.«
Og han bad lengje og fagert, bad, vigde og
lyste Fred.

Baard hadde godt av kvart Ordet. Og han
bad halvt med. »Dang —!« leet det stillt og
mildt uppe fraa Taarnet; det var Klokka, som
slog; for Baard lyddest det som eit Svar
fraa Vaarherre. Men strakst etter ylte det stygt
uppe i ein Taarnglugg, liksom til Spott. Og
Stormen tok Tak; det drunde i Kyrka, og ei
ustød Banking høyrdest i Veggjerne. Presten
tok Boki og gav seg til aa lesa. Det var utan
Tvil Svarteboki, for Baard forstod ikkje eit’Ord.
Men han hadde likevæl.so godt av det. Det
lyddest so sterkt; det maatte skræma den Vonde.
Men di lenger det leid, di meir tok Presten til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free