- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
199

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 199

som kom upp gjenom Golvet? Det luktad brennt,
det luktad Svovel . .. Han slog baae Armarne
um Altaret og klengde seg fast. Forunderlegt!
det var som Kyrkja sokk! sokk i Jordi. Nei;
ho stod. Nei; ho stod ikkje. Ho løyste seg
fraa Grunnen, ho duvad, ho dreiv, som eit Skip
i Havet . ... »Dang!<« song det varslande og
vekjømelegt, liksom langt burte i ein Bergaas;
»dang ! dang !« »No vere Gud hjaa oss,« sagde
Presten. Han tok Messeserken paa seg og slog
Teikn i Lufti. »Bed Gud fri deg for dine Syn-
der no! for no vil dei tyngja mest,« sagde han.
Og Baard bad. Presten tok Kalken i Haandi og
heldt fram for seg; so tok han til aa syngja
med skjelvande Mæle um Jesus Kristus, som
dreiv Djevlar ut og let dei fara inn i Svineflok-
ken ved Genesarets Sjø. Baard tenkte fælen
paa alle sine Synder, fraa dei fyrste, daa han
leikad Kjærast paa Gata med Gjentungar, slogst
med Gutarne og gjorde Ustykkje mot Ferdafolk,
til dei siste, daa han foor ute til Sjøs og var
Villgast, skamslog Folk, drakk og øydelagde
unge Gjentur . .. . Deira Vaabøner og Klage-
maal vilde høyrast i Himmelen no, kanskje sterk-
are enn hans Bøner.

Det gjekk ein Dun gjenom Kyrkja som av
eit tungt Fall. Baard kvakk upp, klorad seg
fast i Altaret, so Fingerendarne sveid: »No kjem

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0211.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free