Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ungdom. 233
slapp lett —, heldt han Slutningstalen og lagde
dei unge paa Hjarta, kor aalvorlegt og ansvars-
fullt det var, det deino skulde gjera. Det galdt
um, at dei gjekk upp og gav den store Lov-
naden, ikkje som ufrie, ikkje som av Tvang,
men av eit fritt og ærlegt Hjarta. For Gud hatad
all Tvang; frie Tenarar vilde han hava. Daa
han hadde talat Konfirmantarne so trøytte, at
dei berre høyrde Ordi hans som ein Om, som
Rop og Snakk langt inne i ein Draum, sagde
han Amen, og der gjekk ein Sukk av Vakning
og Letting gjenom Kyrkja, og eit Brak av Nasar,
som snytte seg, fleire hundrad Nasar, som snytte .
seg, grundigt.
So vende Presten seg til Vaarheire og bad,
at Z2an vilde hjelpa dei unge til aa lova ærleg
og halda heilt, for dersom ikkje han gjorde det,
so visste me, at dei ikkje kunde. Dette heldt
han paa med, til han vart haas, og daa trudde
han, at han maatte hava Lov til aa slutta.
Kyrkjefolket heldt med han i det, Ungdomen
daa visst.
Solmurarne gjenom Romet hadde svingat
og svingat liksom Visarar paa ei stor Klokke-
skiva, og stod no paa Sned nedgjenom Kyrkja
og vilde snart vera ute. Uppe paa Orgelet
gjekk Konfirmasjonssalma i rolege, faste Koral-
steg, rullande og tung i Bassen, mjuk’ og søt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>