- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
248

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

248 Ungdom.
henne. Næste Gongen dei møttest var han so
kjærleg, at han kysste henne mest til Blods.
Men Aune Malene maatte vera snar i Kveld;
sdei held Vakt paa meg,« sa ho, »og han Per
gjeng og luskar som ein svart Katt etter ei
Mus, og trur meg ikkje, um eg segjer Dægeren
færi meg aldri so lengje!« Carlstad vart bleik.
»Ba–ba—bannar du?« sagde han. »Nei,« svarad
Anne Malene, vikkje utan det trengst.« Dette
totte Carlstad vart for galet. Dette maatte der
rettast paa. Han forklarad henne, at skikkelege
Kvinfolk aldri bannad, og at det var stygt aa
banna, og simpelt aa banna, og at Anne Ma-
lene aldri burde banna, og at ho ikkje burde
ljuga helder. »Skal eg ikkje ljuga?: spurde
Anne Malene. Nei, det skulde ho ikkje. »Ja
men korleis skal eg koma her ut til deg daa?
Tja; det —; ho fekk, — ho fekk finna paa Raad.
»Tek du no paa med Bøneboki igjen?< spurde
Anne Malene. Og so kjeklad dei, til dess Jens
fekk seg ein ny ein under Øyrat, og det ein
god og: varm ein, og Anne Malene sagde det
til han, at han burde sjaa aa faa seg eit Preste-
kall og ikkje gaa her og preika Gudsord for
henne; for «det vart han ikkje feit av! Jens
sagde, at hans Vyrdnad som Mann ikkje var
tent med, at han tok imot Øyredaskar av henne,
og Enden vart nytt Uvenskap.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0260.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free