- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
250

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

250 Ungdom.

sagde, og Gud veit kven det var som sagde,
at Kjeden det var Livets 1 0 Livets. 01
og no skulde ikkje han faa elska Anne Malene,
som var so søt, og som gjorde han so glad,
berre fordi alleslags uvedkomande Godtfolk fann
det umoralskt! Kva hadde han med Moralen
aa gjera? Hadde han voret med og underskri-
vet dei tie Guds Bud:

Han var ikkje nokon Kjeltring. Det var
den Faamingskapen, at ein skulde gaa og pina
seg med vondt Samvit, so snart ein gjorde no-
kot som ein hadde Lyst til Kvi skulde ein
ikkje gjera det, ein hadde Lyst til? men altid
det, som var kjeidt og leidt? Kva var dette
Samvitet for Slag? Var det annat enn Folke-
domen i oss, denne djupe religiøse Rædsla for
Bygdesnakket, Organet for Bygdesnakket, gamal
nedervd Samfundsvedtekt, innervd, ikjøtad Fleir-
talsmeining um det som var pent elder høve-
legt? Naar ein var trygg paa, at ingen visste
nokot, so var Samvitet ikkje annat enn ein
stikkande Otte for, at Folk kunde Jaa vita no-
kot. Anne Malene hadde Rett. Det ingen visste,
kom ingen ved. Han vilde, Fanden gale, slaa
seg til Fritenkjar!

JensCarlstad kom tilslutt til det, at heile denne
Greida var ei underleg Greida, og at han ikkje
lenger forstod seg sjølv. Han hadde altid voret

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0262.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free