Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det lange Stykke sitt ikkje so mykje som
nemner Helvite eller Fanden. Eg veit nok at
han trur paa deim. Men sjølve Teologane tek
til aa verte so kristne no, at dei sjelden nemner
desse Villmanns-Tankane, naar dei ikkje nettupp
er nøydde til. Med Tidi vil dei i dette Stykke
au koma nærare upp til Jesus.
— Det sannaste som er segjande um Boki
mi er elles det, at ho er ikkje ei Bok, men eit
Register. Den som vil „lesa" ho, lyt sitja med
Ny testamente framfyri seg og slaa upp og slaa
upp, prøve kvart Ord eg segjer etter Tekstane.
Øver eg stundom „Bibelkritik", d. e. segjer at
det og det Orde knapt kann vera rett ført, eller
at det ikkje synest høyre heime der det stend,
— so nemner eg og’Grunnane til denne Meiningi
mi; dermed kann Lesaren sjølv avgjera um han
vil fylgje meg; noko Helvite til aa truge med
hev eg daa visst ikkje.
Naar Hognestad finn at eg „ofte gjeng
merkeleg lett yvi vanskelege Ting", so lyt eg
segja paa Lag som det fyrr hev vori sagt: det
som ser lettast ut hev kannhende kosta meg
mest Arbeid. Og eg trur ikkje Boki er „lett"
for nokon som les ho aalvorsamt. „For Folke"
er ho i det heile ikkje. Folke gjer som eg
sjølv gjorde ein Gong: held seg til Prest og
Postill og læt den „vanskelege" Bibelen liggje.
Berre dei som er komne i den Sjælenaud som
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>