- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
7

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei tvo-tri Teologane som hev skrivi um
Boki mi, dei segjer ærlegt og beint, at med den
nytestamentlege (,,halve“) Jesus kann me ikkje
klara oss. Sume av deim vonar endaa med
kristeleg Broderkjærleike, at eg sjølv med Tidi
vil koma etter det, so at eg ikkje lenger vil
tru at me kann klara oss med det nye
Testamente.

Teologane elles tegjer. Det er ikkje greidt.
Dei fleste av deim hev vel gløymt at der er
noko som heiter aa tenkje; og dei som ikkje
hev naatt so langt, dei strævar med aa gløyme
det. Kva skal dei gjera? Dei er eidsvorne.
Dei hev forsvori seg paa, at dei ikkje skal koma
innpaa andre Tankar um religiøse Ting enn
dei som dei hadde daa dei var ferduge med
Eksamen. So er dei nøydde til aa stengje seg
av so godt som dei kann; der er inga Raad
med det.

Den kongelege norske Kulturstaten finn seg
i dette. Staten treng Kyrkja; og Kyrkja treng
Tenarar som er aandeleg bundne; kor skal ein
av? Naar Staten ikkje vaagar so mykje som
det dei kristne Grunnleggjarane av United States
vaaga for tvo hundrad Aar sidan: aa skilja
Kyrkja fraa Staten, — kor skal ein daa av?

Men det er fælt, det er villt aa halde denne
Skipnaden uppe. Og me kjem vel so langt
ein Gong, at han ryk, fær ein tru. Det vil

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free