Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Guds Folk; 3) at Jesus var Israels Guds
Messias1. Men um Jesus-Sveinane ut ifraa sine
Fyrisetningar hev tenkt og trutt aldri so ærleg,
so er det ikkje dermed sagt, at det dei trudde
var objektivt sant. Det er eit Spursmaal for
seg, som krev historisk Gransking og Prøving.
I Grunnen hev Chr. Bruun sjølv visst dette.
Naar det kjem til Stykke byggjer han, som
andre upplyste Kyrkjefolk, si Tru paa det han
held for aandeleg Sjølvrøynsle: var ikkje Jesus
uppstadin, so vilde Live for Chr. Bruun verte
meiningslaust. Den Grunnen er ein nøydd til
aa lata stande. Men det er ein reint
subjektiv Grunn; og kor langt det er millom
subjektiv Tru og objektiv Visse, det kjem ein til aa
hugse av noko Bruun sjølv dreg fram. „Trui“
paa slikt som To (Stof) og Kraft, den tvingar
seg inn-paa oss; men den gudelege Trui, —
ja den skulde vel vera „fri“, etter det som
Teologane piar lære.
Seg sjølv hev Jesus haldi for „den som
skulde koma“; Gud vilde gjera han til
Messias naar hans Tid kom. No skulde han
fy ri bu Messiasrike. Han vandrar daa um
1 Paa same Maaten er Paulus seinare rædd for aa
verte funnin som eit „falskt Vitne for Gud“; Messias
maa vera uppstadin. Elles vilde Israel, i det heile alle
Mes-siastruande, vera „dei usælaste av alle Menneskje" ; og den
Grunnen hev jamvel for Farisæaren Paulus vori bindande.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>