- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
26

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og meir burt. Du vert fri og glad; og um du
aldri so vel veit, og meir og meir ser, at du
er ufullkomin, so vil du med alltid heilare Hug
arbeide deg fram-yvi mot det høge Maale som
er sett i Mt. 5: 48 (Lk. 6: 36).

Du kjem meir og meir i Samanheng med
ditt sanne deg-sjølv; du kjenner at du hev „vunni
Live". Og det Liv du hev vunni er ditt rette,
ditt i høgste Meining „naturlege" Liv; du hev
daa ikkje paa nokon Maate Grunn til aa „skapa
deg", korkje for deg sjølv eller for andre. Eit
Gudsbarn er du, men er det i Samhøve med
Ord som Mt. 6: 1—7, 16—18. Det vil ikkje
gange noko Rop i Bygdi um, at no er du
„frelst", eller at no hev du „fengi Naade";
men dei som hev med deg aa gjera, dei vil
finne at du er greid aa ha med aa gjera, og
dei vil vera glade for det; eller som Jesus
segjer: dei vil „sjaa dine gode Gjerningar og
ære din Fader i Himlom".

Live vert deg gjævt, høgt, heilagt, og det
um |,det etter vanlege Maal er baade ringt og
smaatt. Du tek til aa skyna det gamle Orde
um, at det som er smaatt for Verdi er stort for
Gud, d. e. at dei smaae |Livs-Kaari gjev dei
beste Vilkaar for eit rett Menneskjeliv.
Jamvel det aalvorsame i eit Ord som Mt. 19:
23—24 vil klaarne for deg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free