- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
29

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vesle Flokk av Sveinar og Fylgjarar; i Røyndi
minner Paven um „Home" paa det skræmelege
Dyre ’som Daniel saag i Draumen sin; dette
Horne hadde Augo og ein Munn som tala store
Ting; og det førde Ufred mot dei heilage og
fekk Velde yvi deim (Dan. 7: 8, 21; smf.
Opb. 13: 5—7).

Store Ord hev denne Mot-Messias tala
mange av, sjølv og gjenom Tenarane sine1. Ein
Kardinal hev i ei Bok („Paven Kristi Jarl,
Hovude aat Kyrkja“) sett upp ei Liste paa
Pave-Titlar, 62 i alt, som hev vori og enno
er i Bruk; dei inneheld mykje som ein vel
helst maa kalle Gudshæding: Paven er „det

guddomslege Overhovud", „Øvstehovud yvi
alle Kyrkjehovdingar", „den høgste Hyrding",
„Kristus ved Salving", „Lykleberar for
Himil-rike", „Apostolisk Herre og Fader yvi Fedrar",
„Berge som Helvitportane ikkje vinn med",
„den mistaksfrie" o. s. fr.

Bernhard av Clairvaux skreiv (1150) mill. a.
til Paven: „Du er Øvstepresten, Bispefyrsten,
Arvtakaren etter Apostlane; du er Kristus ved
Salving; du hev Himil-Lyklane; du er sett yvi
Sauine." „Ingin utan Gud er lik Paven", segjer
St. Bernhard, „korkje i Himilen eller paa Jordi."
O. s. fr.

1 Charles T. Russell: Millennial Dawn (i
dansk Umskrift „Millenniets Daggry") II, St. IX.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free