Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men i det heile gjekk det som det alltid
gjeng der Lygni og Sjølvhugen raar: med
Tvangsveide vaks Skrymtardomen; og den gamle
Messiastrui kjende seg meir og meir framand
i Kyrkja. Og vart framand med. Dei
Jesus-Sveinane som her og der fanst brydde ingin
seg um; dei för stilt og gjorde smaae Krav, og
vart lite aatgaadde.
Men Kyrkja vaks; og Mot-Messias vart meir
og meir Heimsens Herre. So vaks daa og
Kravi hans. Og Pavemagti, som var bygd paa
aandeleg Grunn, vart ved dette den verste av
alle Tvangsmagtir.
Ho vilde raade yvi heile Menneskja, Sjæline
ikkje minst. No hadde ho ikkje mykje av
Aandsmagt. Det var gjenom Kjensla og
Hugleiken ho maatte vinne: med Undersogur paa
den eine og Rikdom og Glans paa den andre
Sida aga ho Mengdi, og dei meir framkomne
drog ho og batt til seg med Fagerdom og
Kunst: Byggverk, Bilætverk, Tonar, storlagde
Kyrkjeskikkar o. a. Og med dette vann ho
langt. Ho vann Mengdi baade uppe og nede.
Men dei aalvorsamt gudelege og dei
tenkjande, dei som kravde Sanning fysst og fremst,
deim fekk ho mindre Magt med. Og meir og
meir skyna ho at dette var faarlegt. Skulde
ho vera trygg for si Magt, laut ho vinne desse
med, — eller vinne yvi deim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>