Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som denne „Retten" kunde faa i; Fanden hev
aldri vori meir hol etter Sjælir til aa pine enn
denne kristelege Trudomsretten.
Noko-so-nær alle katolske Land, i og
utanfor Europa, hev havt slike Domstolar. Lærde
Mennar som hev granska Sogo um dette jordiske
Helvite, trur, at Pavedøme i dei siste 1300
Aari hev — endefram eller umveges — teki
Live av slikt-noko som 50 Millionar Menneskje.1
Endaa i vaare Dagar priser katolske Blad
dei „Trudomskjempur" som paa denne Maaten
hev elska sin Næste. Eit spanskt Paveblad
nemner med Ros slike „heilage Mennar" som
Torquemada og andre, som det sjølv fortél hev
brent livande i alt 35 534 Mennar og Kvende
(og dømt 293 533 Menneskje til andre Straffir)
berre i Spania; og eit katolskt Blad i Amerika
skriv, at kunde det faa fylgje sin Hug, so vilde
det sprette „Protestant-Læra" „upp og léma ho
sund; stinge ho paa Paalar og hengje ho upp
til Kraakereir; sprengslite ho med Knipetengar
og brenne ho med gloande Jønn; fylle ho med
smelta Bly og sekkje ho ned i 100 Famnar
djup Helvit-Eld"; — i Amerika segjer dei
Protestant-Læra, vaagar vel ikkje paa Prent
aa *segja beint fram Protestantar. Og Bønir
1 Meir um desse hugsame Ting kann den som hev
Hug lesa hjaa Soguskrivarar som Macauley, Motley,
D’Aubigné, White, Elliot, Foxe o. m. fl.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>