Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
THI ser I til, som aarle opstaa — Og sidde om
Aftenen silde, — Med Sorrig, Arbeide og stor
Vantro — Saa ville I gjøre eder rige: — Med Kummer I
æde det harmelig Brød, — Thi Gud giver sine baade
Klæder og Fød’, — Naar de monne sødelig so—ove,
— song dei inne hjaa han Ole Johannes Sørbraut ein
sur, kald Maandags Morgo i April.
Dei heldt Bøn kvar Dag i dette Huse; for Ole Johannes
var paa sin Maate ein gudeleg Mann. Han var ikkje
vakt; og alt um han stundom hadde freista paa aa
um-vende seg, so hadde han ikkje fengi dette til, totte
han; so det laut vera til han vart gamall og fekk betre
Stundir. Men han tenkte likevel at det var best aa
halde seg til Guds Ord so mykje ein kunde; han heldt
Bøn kvar Morgon, og i desse Bønnestundine maatte
heile Huse vera med.
Fyrst song dei ein Salme; so las Ole Johannes Bøni
i Salmeboki, og dessutan stundom eit Stykke i
Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa; sistpaa bad
han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det
var ikkje alltid at Salma av Kingo høvde til Stykke i
Skattkista; men det gjorde det same; det var Guds Ord
alt; og Guds Ord hadde ein alltid godt av aa høyre.
I Dag raaka det elles so til, at Salma og Teksti
høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>