Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26-
BONDESTUDENTAR
no totte han det var som den Draumen vart sann.
Han forstod ikkje dette. Var det forsvarlegt aa lyfte
ei Sjæl so høgt, og so sleppe henne ned i Moldi att? —
— Kjærasten til Kapellan Hirsch heitte Frøken Rud,
sagde dei, og var Dotter av ein rik Storbonde burtpaa
Austlande. Frampaa Fyrisümaren skulde Kapellanen
der burt og gifte seg; og so skulde han hit att og
gjera seg ferdug til aa flytja.
Den siste Skuletimen kom Vonom fyrr. Det var so
det visna i Daniel, daa han skyna det var Aalvor.
„Men du skal ikkje vera modlaus for det," sa
Kapellanen; „eg skal nok stelle det so at du kan faa halde
fram med Lesingi paa einkvar Maaten." Daa ljosna
Daniel. Kapellanen saag det og smilte. „Du tenkte
kanskje eg vilde narre deg du?" sagde han.
„Nei-nei-nei," stota Guten.
Daa Kapellanen kom heimatt fraa Kristiania um
Sümaren, fylgde Kandidat Massmann, Son aat Presten,
med han. Massmann var ferdug med Studeringane no,
og skulde liggje heime og kvile seg til dess han fekk
Embætte.
Kandidaten var ein roleg, faamælt Kar, bleik av
Andlit og svært aalvorsam. Folk kunde ikkje faa
Greide paa denne Fyren; for han studera korkje til
Prest eller Doktar eller Sakførar. Det einaste dei
visste var, at han hadde lesi „fælt mykje Spraak", og
at han skulde vera „fælt lærd". Det vart til det at
Daniel skulde faa gaa i Skule hjaa Kandidat Massmann
utyvi Sümaren og Hausten.
Daniel var ikkje svært glad i dette; for han var
rædd Kandidat Massmann. Dertil var han rædd
Prestegarden. Han mintest kor fint og liksom høgtidsamt
der var, og hadde ein heilag Age for gamle Presten.
Men dessutan tenkte han paa Prestebikkja, som han
hadde endaa meir Age for. Likevel gjekk han, og
laut takke til, at han fekk gaa. Framum Bikkja slapp
han med heilt Skinn; like eins slapp han godt og vel
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>