Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
51- BONDESTUDENTAR
midt frampaa Golve; song, med brestande Mæle og
store Teaterfaktir:
„Jeg — er — Olsen den første, Olsen den første, Olsen den
første;
Han — er — Olsen den anden, Olsen den anden, Olsen den
anden, —
— Begge vise Mænd."
Markus Olivarius Markussen lo i høgan Sky.
Johannes Ortvedt higra med; Augo hans lo, og Skjegge
hans lo, og heile Karen lo; for han visste, at no kom
Markussen med Deklinasjonen.
Og Markussen kom med Deklinasjonen. Apropos:
kunde Herr Olsen den fyrste deklinere „Olsen"? —
Fleire og fleire kom. Ein og ein, tvo og tvo,
nytvegne og bleike, slitne aa sjaa til; Svevnen sat enno
i Augo paa deim; mange sagde: „uff! jæ er saa trætt
i Hode i Dag." Og for kvar som kom vart den
Ordvedtske Deklinasjonen tekin upp att, og Markus
Olivarius Markussen lo i høgan Sky.
Det „akademiske Kvarter" var strakst ute; Gutane
kom i Flokkevis. Süme sette seg paa Romi sine
tagalle og myrke, slog upp ei Bok og stengde seg inn
i seg sjølve; andre flokka seg um „Olsines" og den
store Deklinasjonen. Der kom HansHaugum. „Haugum!
Haugum!" ropa heile Flokken i Kor; men Olsen den
fyrste hadde fengi Daniel med seg frampaa Golve
att og ropa uty vi Klassa med sin utrulege Bass:
„Mine Herrar! Her stend eg fram paa dette
Skravle-Ting og krev, at De ein som alle og alle som ein
hyller og godkjenner Olsen den andre av Dynastiet
Grisenburg som min lovlege og ulovlege Ettermann i
alle Maatar —." Lenger kom han ikkje. „Ja dette
Olsen!" sa Haugum; han snudde seg til Daniel og
spurde um han ikkje hadde noko Gardsnamn, han heller
kunde brüka. Daniel hugsa sin gamle Surbrød-Strid;
m—nei, sa han; Gardsnamne var lite tess. „Hva hetter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>