Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
56-
BONDESTUDENTAR
Skalde-Grammatik, Sogur og Bilsete i Fylgje og Flokk:
um „Sprog-Geniusen" som var komin til Jordi og
hadde skapt Tungemaali; um Præpositionane sorn ein
Gong „stod pent i Baas", men sidan braut seg ut,
so alt vart ei Babels Røre, eller um Ordbolkane som
det ikkje var tie men tri av; „i Evighed! der er tre!"
Allting var tri; det var endaa ein fælt klok Mann som
hadde vorti galin av di han saag at allting var tri; og
no var Trilogien den høgste filosofiske Sanning.
Men naar han tolka dei gamle Skribentane lika han seg
best. Daa var han som ein Eldleik av aandfulle Lentur,
og Bilæte og Likningar kom sprakande og lysande so
modigt og so lystigt som i ei Komedie av Shakspere.
Men norsk var han; og Daniel vart upp i Under yvi
kor godt han fekk Latinen til aa høve med vaar
nordiske Aand. Naar han fortalde um „Cæsarguten", som
kom og gjorde Soll paa Remdølom og Bellovakingom
i Gallia, den Styggheita, som var so raa som Kua upp
i Aasen, daa var det so ein kjende seg mest altfor
mykje heime, totte Daniel.
Men han kunde vera klassisk au. Som naar han
fortalde um sin kjære Horats og um Live paa hans
Lystgård. Der livde dei idealt! Med Kransar av
Vin-lauv laag dei til Bords ved den sildrande Kjelda og drakk
den perlande Falerner til Klangen av Lyre-Spel; „det
var noko anna enn aa liggje upp paa Romerike og dyrke
Poteter, det, Simon Husmo!"
— I Livius tok han i Dag Lars Risvold upp; daa
visste Klassa at her vart Gaman. Lars Risvold var ein
snild Gut, men kunde kje noko. Han var av desse
Bygdeljosi som gjekk her inne og stræva Aar ut og
Aar inn og ingin Veg kom; aat upp og øydde burt
fyrst det vesle dei sjølve raadde, so alt som Systken
eller Skyldfolk kunde skaffe, og sistpaa kvar Skillingen
dei kunde laane ihop; for heime galdt dei for store
Ljos, og paa Kyrkjegolve hadde dei stadi No. 1 ;
Fleirtale av desse enda paa „Fabriken."
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>