Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR
61
Skulearbeide som med alt Slit: det var ei Straff for
vaare Syndir.
Etterkvart merka han seg kva det var for Lærarar
ein kunde „taka det lett" med; og so tok han det lett
med deim. Lærde ikkje det dei sette ’n fyri, og var
ofte burte fraa Timane deira; kunde andre fara soleis,
so kunde vel han med. Han trøysta seg med, at han
var nøydd til det.
Ein ujamn, av likt og ulikt samanrekin Flokk var
det han var komin ihop med her. Det meste var
Bondegutar og Smaafolks Sønir; men her og der kunde
ein sjaa Velstandsfolk med, slike som var burtviste fraa
Latinskulen, eller som av andre Grunnar fann det
lag-legt aa skjote denne „Beinvegen til Eksamen". Her
sat friske, grønne Sekstanaaringar jamsides med røynde
Skjeggjebussar og Fleinskallar paa 30; vyrdelege
Skulemeistrar sat saman med glade Sjøgastar; heilage
Men-nar som Ole Bentsen maatte sitja i Lag med
Ranglefantar og Galningar som kannhende ikkje gjorde stort
anna enn drive rundt etter Moro. Saag ein heile
Flokken under eitt, hadde han noko fortrykt og forkomi
yvi seg, eit Drag av Stræv og Sut, av vonde Dagar
eller Rangel; mange gjekk laakt klædde, med skitne
Halskragar og Handkragar, med Brøkar upptrødde ned
med Hælane, med skeive Sko, med geniale Hattar;
burtmed Omnen sat ein Gut med Vinterfrakken paa
seg endaa naar Omnen var raud; Tingen var at han
hadde Hol i Broki si paa ein Stad . . . der ein
ikkje maa hava Hol i Broki; og det kunde han ikkje
dylja paa annan Maate. Mange saag ut som dei
smaa-svalt; og dei som freista aa fylgje med, gjekk gjerne
med ei jamn Skodd yvi Heilen, tunge og mødde av
Nattevaking og Ovarbeid, so dei heilt-upp ikkje var
seg sjølve. Di lenger det leid, di tyngre det gjekk;
det vart mindre og mindre av Godlag og Godskjemt.
„Klasse-Aandi", som aldri hadde vori sterk, døydde
burt; Flokken skilde seg sund i Smaaflokkar; og dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>