Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
72-
BONDESTUDENTAR
tettsette Rome var i ein Baaregang av haarfagre Hovud
og faste Akslir, av frisk Ungdom og tyrst Livsglede.
Seks hundrad Styvlar og tolv hundrad Stolebein
trampande paa eit Golv, seks hundrad Hendar trommande
paa hundrad Bord, tri hundrad Halsar haukande, læjande,
ropande, gøyande, og so ender og daa gjenom alt dette
Staake eit veldugt, taktfast Kor: „en! to! tre! Pu—ns!"
— „en! to! tre! Pu–-ns!" — det gav eit Buldr,
so heile Bygningen ljoma.
Men der var Ungdom i Staake, so at jamvel dei
suraste Skulemeistrane tinte upp og lo; og gamle
høg-vise Professorar sat og smilte so sælt og blidt som dei
skulde ha misst heile sin Visdom.
Daniel var som drukkin av alt dette Gladlynde. Han
sat i ein einaste Laatt. Kvar ein snudde seg var der
Leik og Gaman; alle Skjemtegaukar fraa alle Skulane
hadde samla seg her, og kvar kunde sitt. Og alle dei
skjemtefulle Ord og Ordtak og alle dei range
Spurs-maal og snøgge Svar og all den ravgalne Latinen som
flaug gjenom Lufti som ein Nissedans! So fri som her
hadde Daniel aldri kjent seg. Kvardagslive med sitt
Stræv og sitt Mas var gløymt; Folk hadde lagt Tankane
og Sorgine etter seg heime; Morgondagen var ikkje
til; Gleda, Gleda aaleine livde; dette var aa vera
Student; dette var det ideale Studenterliv.
Men Punsen gjorde seg drjug, og Russen vart utolug.
Rundt heile Salen reiste det seg Rop etter
Gude-Drykken; der var ei Tramping og eit Lurve-Leven, so
det var svært godt aa hava tjukke Øyro. Ein ung
Fyr med eit blaatt Band paa Bringa ropa inn gienom
ei Dør, at Punsen trong si Tid, den med! — men han
vart ikkje høyrd; kven brydde seg um slikt Prosatull.
Endeleg viste det seg ein Skjenkjesvein; og strakst
etter fleire; Punse-Kannur hadde dei og Glas. Hurra!
Hurra! Alle Hundar gøydde, alle Hanar og Gaukar
gol; men dei som maatte vera Folk, klappa i Hendane
eller hauka. Og med ein Gong ljosna Salen av hundrad
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>