Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR
75
ikkje svikast. Taleren gjekk sistpaa yvi til ei Skildring
av den sanne Studenten, ei Skildring, som vann stort
Samtykke, av Daniel ikkje minst. Den sanne Studenten
var fyrst og fremst ikkje „Materialist"; han lét Kræmaren
syrgje for det som høyrde Gryta til; sjølv livde han
for det sanne, det fagre og store; den sanne Studenten
var ikkje heller „Melankolist"; han lét kvar Dag hava
si Plage, og elska, som Dr. Morten Luther hadde sagt,
„Piger, Vin og Sang" yvi alt („Hurra!" „Fanden spare!")
Endeleg var den sanne Studenten — trulova. Men her
kom Talen mest burt i Jubel og „Skaaling"; Daniel
drakk stilt for seg sjølv ei Skaal for Inga Holm —
som han i Kveld aaleine vilde minnast —; Magister
skreik seg reint maallaus, fyrr han naadde til Endes
paa Talen sin.
Og no sette alle desse nyfødde myndige Mennar seg
til aa skrike ut av fyllte Lungur si umaatelege Glede;
og dei trampa Samtykke med Styvlehælane so Salen
skalv. So vart Russesongen spreidd ut-yvi Flokken,
flagsande gjenom Lufti, som Fivreld; Musikken uppaa
Treve skar i aa spela; og Songen steig, ylande gjenom
Salen som ein glad Storm, Sigersongen um, at no var
dei ikkje lenger Skulegutar, men Russ, og at snart
skulde dei, faustis avibus, vera Studentar.
Songen gjekk fyrst ein Gong med Musikk, og sidan
utan Musikk; daa vart det gildare endaa. Dei skilde
seg sund i Smaaflokkar og song kvar i sin Takt; sidan
kvar paa sitt Vers; Fridomen livde høgt, og Gleda var
fullkomi. Ungdomen hadde slegi seg laus, og dei
gamle hadde gløymt sin Alderdom; alt som i Salen var
løyste seg upp i Song og Laatt; og Punsen gleid ned
so smerin han var, som det skulde vori Nektar.
Langt um lenge slutta Songen. Det reiste seg eit
Havbrak av Klapping og Tramping, fyrst fraa ein Kant,
so fraa ein annan, sistpaa fraa heile Salen, og gjenom
Havbrake gjekk skakande Rop paa „Forfatteren!
For-fatteræ—n!" til dess Salen liksom ikkje var anna enn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>