Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR
89
den sanne og sjølvskrivne Beraren av „Folkets Sak";
og der var Meining i det han sagde; han fekk og sagt
nokre varme og fagre Ord um den norske Skalden
me hadde fengi helsa paa her i Kveld. Sterk Klapping.
Skaali si vilde Jens serleg tøme for dei Studentane
som var gjengne fram av det aalmenne Folke; dei hadde
fyrst og fremst den Fyrilogo aa vera Folke-Upplysarar
og Folkeførarar, av di dei kjende Folke best; — „Skaal
for Bondestudentane!"
Heile Salen klappa; det var baade fagert og
for-underlegt. Daniel vart aalvorsam. Han mintest sine
gamle Draumar; og det var som han jamsides Jens
Rud saag ein annan Mann stige fram, ein Mann som
han i lange Tidir hadde altfor mykje gløymt: Kapellan
Hirsch.
Ja! han vilde vera Berar av Folkets Sak. Han vilde
vera ideal Student; han vilde arbeide for Tankar og
Aand; og Matstræve vilde han alle Dagar hata. Aa,
at han ikkje var rik!
Rundt um i Salen surra og dura det som fyrr; ender
og Gong steig eit Rop, ein Laatt, ein Songstubb, og
døydde i Tobaksrøyken. Daniel kjende seg trøytt. Han
vilde ikkje vera inn-i alt dette Sumle lenger. Ut i
Hagen og suge frisk Luft, og drøyme store Draumar!
Daa han kom ut, fann han Hans Haugum og fleire
andre, derimillom Ortvedt, Sven Dufva og ein ukjend,
sitjande ved eit lite Bord under eit Tre. Han gjekk
burt-til. „Aah! er det du?" sagde Haugum; „ver so
god! her er Plass. Og eit Glas 01 med, um du vil."
Daniel takka og sette seg; sant aa segja skulde eit
Glas 01 gjera godt no. Haugum sende Sven Dufva
av Stad etter eit Glas; so førde han „Studiosus Braut"
fram for den ukjende, Kandidat Meier; tok so upp
Traaden i Samtala att. — „Nei," sagde han til Meier,
„det er nok ikkje det, som er Meiningi. Endre Storr
er ein Mann med baade god Vilje og gode Tankar; men
han trur at her er for lite økonomisk Grunnlag for eit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>