Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
BONDESTUDENTAR
103
demiske Borgarbreve, som han no skyna ikkje kunde
gjera Underverk.
Og daa han kom der upp, og saag paa alle dei unge
Bystudentane, som kom strjukande fine og lette som
Fuglar i Sol og bar Duskeluva so flott og fjongt som
ho skulde vera støypt til deim, daa kjende han seg
framand i dette Lage. Han hadde berre ei Trøyst,
og den var skral: dei andre Bondestudentane tok
seg for det meste ikkje stort betre ut enn han med
Duskeluva.
Festsalen var full av svartklædde, bringekvite fine
Herrar. Det var so det stod svalt av all denne Galla.
Der skulde Mod til aa gaa inn. Daniel totte han kom
som ubedin Mann til Gjestebods; det kom for han, at
dei fine Herrane saag med Uhug paa Bondeguten som
vilde trengje seg inn i deira Lag. Med det same han
hadde sett seg byrja Festsongen; det ljoma so vent i
den høge Halli. So modigt; so fast; so trygt. Daniel
styrktest. Han sagde til seg sjølv: du h e v Rett til
aa vera med; du er Student!
Det fekk vera som det kunde med Duskeluva; godt
var det aa ha berga seg fraa Aandløysa og Raaskapen
der ute og hit inn i desse reine, rolege Hallir millom
Ideens Presteskap. „Helligt, helligt, helligt er
Studentens Kald!" tona det fraa Songarlage i klaare, store
Harmoniar, og Daniel song i sitt Hjarta med. Han
lyfte aahugsamt sine Augo upp mot Takfrisa; der saag
han Gudane, dei gamle klassiske Gudane, staa og tenkje
og grunde, støypte i Gips.
Det var Professor Darre som heldt Tala. Han lagde ut um,
at Vitskapen hadde sitt Maal i seg sjølv. Sistpaa kom
det eit Par av Tankane fraa Russetalen; so slutta
Professoren med ei Lovprisning av det ideale
Studenterliv.
Daniel høyrde paa Visdomens Ord med djup og
hjarteleg Vyrdnad. Han totte det var so sant og so
godt. Men daa Professoren kom til det ideale Stu-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>