Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
128-
BONDESTUDENTAR
nok ikkje Raad til dette. Eg slog sund den siste Dalaren
min i Dag, so no gjeld det aa spara." Daniel vart
eit Grand raud; han trudde Rud maatte forstaa dette.
Men i ein forundra Tone svara Jens: „Kaffien er min,
veit De!" — „Aa — ja — takk," mulla Daniel; han
hadde tenkt, at Rud hadde havt finare Teft i slike Ting. —
Kafé nasjonal var fast Samlingsstad for Frams Flokk,
og hadde stor Søknad av den „folkelege" Ungdomen.
Daniel saag etter Fram; men det var ingin her som
han kjende. Gjenom den halvopne Døri til det inste
Rome saag han eit Par Fyrar som kunde høyre til
Flokken, kannhende; lange var dei og lurvne og minte
um eit Ord, han hadde set i Bladi: „Røvere fra
Apenninernes dit inn tok Rud Vegen. Og der fann dei
Fram; han sat for Bordenden og skreiv. Jens og Daniel
sette seg.
Daniel saag ikkje stort anna av Fram enn eit urimeleg
langt svart Haar, som hekk ned yvi Augo hans, og som
han stundom, men reint til Faanyttes, strauk upp yvi
Panna med Handi. Han var klædd i ein svart
Sid-frakke, som var blank paa Aalbogane av langt Slit og
eit Grand frynsut fram-med Hendane av same Orsak;
mager var Karen og sped. Paa Bordet framfyri han
stod ein ordrukkin Kaffikopp og ein Kopp Moltur;
Skrivepapir hadde han ikkje; han sat og skreiv paa Kanten
av eit gamalt Avisblad; Baksida av ein
Subskripsjons-plan hadde han skrivi full og lagt ifraa seg. Dei tvo
Røvarane sat og las Avisur; det var stilt i Rome; ein
høyrde berre Pennen skrasle og rive i det grove
Trykk-papire; Fram saag ikkje upp utan kvar Gong han var
burti Moltekoppen. Daa stirde Daniel forviten paa dette
lange, klaare, sterke Andlite og paa dei ljose blaae
Barneaugo og undrast paa, at dette skulde vera den
fæle Radikalisten dei tala so mykje um, og som Politie
etter Folkeorde vakta kor han gjekk, so han ikkje skulde
gjera Revolusjon paa opne Gata.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>