Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
131- BONDESTUDENTAR
spyrja, kven det var som hadde gjenomført den nye
Skulelovi? Og kunde det vera rett aa kalla deim som
det hadde gjort, ljosrædde? — Daniel fekk med ein
Gong Vyrdnad for Økseskafte. Men Fram snudde seg
aagangsfus til den vesle Teologen og sagde, at det um
Skulelovi var noko Humbug! Og han lagde ut paa
sin sereigne Maate, stundom strævande, smilande, og so
harskt og braadt, at det ikkje var Prestane som her
hadde Æra; den nye Skulelovi var skapt av Folkekrave
nedanfraa, fraa Skulemeistrar og Klokkarar; Lovi var
ei Frukt av Skulelærarmøti kring Lande og av det Liv
som vart vakt av Ole Vig; Prestane, dei hadde stødt
rengt Augo til dette Live; og paa Lærarmøti hadde dei,
um dei stundom møtte upp, protestera og skræmt ned
all fri Tale og studt Faakunna so godt dei vann,
Faakunna nedanfraa, Kjeringkrave at Pontoppidan skulde
vera Storboki i Skulen. Det hadde Prestane gjort!
Men dei som hadde ført Orde for Skulelovi, det var
slike Folk som Klokkarane fraa det vanvyrde
„Klokkar-amt"; og dei som hadde gjort at her no var meir
Upplysning i Lande, det var dei som Teologar og andre
fine Folk kalla halvstudera Røvarar, denne Fylking av
Arbeidstrælar, som sleit og arbeidde fraa Morgon til
Kveld for Maten i Munnen og knapt Dalaren um Vika,
og som maatte sveita noko anna enn den store
Upp-lysningsutbreidaren Presten, som paa eit Korter fekk sitt
Upplysningsarbeid med aa vigje Folk ihop betalt med
5 Dalar Pare, ofte for ei Tale som ikkje var tvo Skilling
verd. Vilde nokon koma med at Skulemeistrane kunde
gjera betre Arbeid enn dei gjorde, so vilde han berre
segja, at Skuldi for det, den hadde ingin annan enn
Teologane; for dei var Lærarar paa Seminarskulen;
og der hadde dei proppa Unggutane fulle med
Dogmatik og tullut Katekiseringsøving og paa den praktiske
Vegen med toskut Tavlerekning med so og so mange
Strik i den resiske Regel og kva anna Tull dei heitte,
desse Teologrekningane fraa Seminarie. Og likevel
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>