- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
135

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

135- BONDESTUDENTAR



yvi, at han var komin inn i denne ugudelege
Fram-klikken, der han hadde komi ut for so mykje Satans
List og Forlokking, at han hadde vori nære paa aa
tapa si Barnetru. (Hurra! Mjøltraavarens Barnetru!)
Pater omnipotens vart kløkt yvi Angeren til
Mjøltraa-varen; han heldt ei Tale um Røvaren paa Krossen
(Laatt); so spurde han kva Mjøltraavaren no vilde taka
seg til. Denne svara, at han fyrst og fremst vilde
„arbeide paa sin Helliggjørelse" (Bravissimo!), og at
han so hadde tenkt aa freiste med Teologi (verre og
verre!). Daa lagde Pater seg paa Kne; og Mjøltraavaren
au maatte paa Kne (ha! ha!); og Pater bad med graatande
Taarir for denne angergjevne Syndaren og Teologen i
Voni. Men so var det Mammon daa. Kor skulde ein
kunna koma innpaa noko so verdslegt etter slik ei
Høgtidsstund? Men han greidde det. Han bad Pater
um ein Bibel. Han hadde slik Trong til aa lesa i
Guds Ord, sagde han, men hadde dessverre so lite av
denne Verdens Mammon, at han — sant aa segja —
ikkje hadde Raad til aa skaffe seg Livsens Brød. Daa
tok Pater i si Hjartans Glede upp 5 Dalar og gav han,
og bad han koma att so tidt han kjende Trong til det;
og Mjøltraavaren takka med fagre Ord, og var so kløkt
at han reint ut sagt hadde Taarir i Augo — av all
den Laatten han laut bite i seg.

Mjøltraavaren gjorde det godt med Sogo si. Alle lo
og hadde Moro, so nær som Jens Rud; Fram var med
og lo ei Stund, men vart tagall paa Slutten. Daniel
heldt seg helst til Rud. Mjøltraavaren fekk Øle sitt
og var svært kry. Men med ein Gong snudde Fram
seg mot han og sagde: „du er eit Herk, Mikkelsen!" —
Daniel vart reint glad i Fram. Mikkelsen forsvara seg;
Fram sat og saag upp i Lofte og syntest ikkje høyre.
Daa Deigja kom inn att sa han: „hev De Tid til aa
vera Censor, Johanne!" Ho riste paa Hovude og smilte:
ikkje no. „So fær de greide det so godt de kann, de
daa," sa Fram til Fylgje sitt; „men de maa tenkje som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0145.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free