Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
143- BONDESTUDENTAR
Ole Bentsen og Peter Dirk saag paa Guten; glytte
so til kvarandre med ei serskild Augnebragd. Dei
hadde høyrt at det skulde staa smaatt til med Daniel
Sørbraut; no fekk dei sjaa det. Han var gul. Kring
Augo laag ein breid, sjukleg Ring. Og dei raude ruskute
Skjeggflisine gav Andlite nokot villt og forkomi. Peter
Dirk vart so tekin av det han saag, at han gløymde
seg sjølv og spurde Daniel, um han vilde hava eit Glas
01; „takk!" sagde Daniel og raudna av Glede. „Eg
trur me hev etter ei halv Flaske sidan Middag," sa
Peter med ein uroleg Glytt burttil Ole; denne nikka.
„Me held Middag heime sümetidir," sagde han til Daniel;
„ein maa laga Munnen etter Skreppa, veit De." —
„Det er vel so," svara Daniel; han vart gul att. Peter
Dirk drog upp den halve Ølflaska og slog i; men han
slog berre i til tvo. Dei vil ikkje drikke med meg,
tenkte Daniel; men dess meir fær eg. „Ver so god!"
sagde Peter til Daniel og Ole. „Nei ver so god du,"
sagde Ole til Peter. Peter tok Glase og nikka til
Daniel; denne reiste seg, steig ustødt burttil Borde, tok
Glase med dirrande Hand og tømde det. Aa Herre
Gud, kor det smaka. Og kor det gjorde godt! Den,
som berre hadde havt ein Matbite attaat . . . Med det
same saag han at Peter berre so vidt hadde smaka
paa sitt Glas. Daniel skjemdest; orsaka seg: „det er
godt aa faa 01 naar ein er tyrst." — „Aa ja—a," sa
Ole Bentsen.
Daniel gav seg i Drøs; Øle gjorde han modig. Og
so galdt det aa faa Karane i Lag. Ole Bentsen sette
seg i Ruggestolen framfor Borde og tagde; Peter Dirk
lagde seg i Sofaen og røykte og svara ja og nei. Dei
skyna so godt kva han vilde. Han hadde det Lage som
merkjer Armingen, naar han er ute og skal „slaa
Pengar" og veit, at det er smaatt med Tiltrui, — dette
snakande og nærsøkne og attaat undergjevne; han prata
og prata um slikt som dei kunde like; gjorde seg kjend
og kammeratsleg; heldt med deim i eitt og alt, liksom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>