- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
161

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

161- BONDESTUDENTAR



skulde sitja i andre Rad; elles var dei spreidde yvi
heile Teatre. Det vilde bli ein „fyrste Rangs Konsert",
so sant alle gjorde sin Skyldnad, sagde Jens Rud.

— Med bleike Vangar og bankande Hjarta sat Daniel
paa Plassen sin i tridje Rad og venta paa det som
koma skulde. Attum seg hadde han ein stor Slamp av
ein Fyr, ein Slagtar eller noko slikt, som han lika berre
so maateleg; men verre var det, at burt-i ein
annan Bolk sat det ein Konstabel; vilde han blande seg
i Leiken tru? Daniel spurde Sidemannen sin, Monsen,
um dette. Monsen drog paa Geipen. „Han har ikke
noget med at hindre den frie Meningsytring," grein han
i Fjordamaals-sekstar.

Orkestre tok til aa spéla; Daniel høyrde ikkje paa
det. Med Hjarteverk gaadde han at det var komi endaa
ein Konstabel inn paa tridje Rad. Han kunde ikkje
anna enn gjera Monsen kjend med dette. Monsen
vreid paa sin fiskekalde Munn og sagde i grettne,
snøgge Septimar: „Hva Fa’n gjør dæ da?"

Daniel vart skamfull. Den Monsen maatte vera ein
modig Mann.

Det var som Lufti i Teatre var ladd med Nervøsitet.
Ei uroleg Kviskring gjekk frametter Benkine som
Vindpust i visne Blad; og kor Daniel vende seg saag han
bleike, ventande Aasyn. Stykke hasta yvir Tile som i
Feber; Spelarane forsnakka seg alt i eitt og gjorde Mistak
paa Mistak. Ender og daa gjekk det som elektriske
Slag gjenom Radine; det skraava i Silke og stive
Kragar, og Chignonane snudde seg att og fram som
Vindfløyar —: kom det no? — Men dei unge
Løytnantane sat og gjorde seg morske og saag seg ikring
med kannibalske Augo som sagde, at vart det noko av,
so skulde nok dei halde Styr paa Herke!

Men Akt etter Akt gjekk, og alt var rolegt. Folk
tok til aa tru at dei var haldne for Narr. Og mang
ein Løytnant som fyrr hadde vori morsk som ein
Mars, lava no med Øyro: skulde han ikkje faa

11 — Garborg. I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free