Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
165- BONDESTUDENTAR
gen imot, Rygg og Aalbogar, og blés paa, blés paa!
Hadde alle gjort sine Ting so godt som han, so hadde
det vorti anna av. Hurra for Daniel Braut!" — „Hurra!
Hurra! Hurra!"
Daniel stod der raud som ein Hummar; visste ikkje
kva han skulde segja. Daa den eine etter den andre
kom og vilde drikke med han, vreid han seg undan;
hadde ikkje fortent so stor Ros; hadde nok gjort sitt
beste, men . . . „Aa vis-vas!" sagde dei. „Aa, lad
ingin falsk Beskedenhed raade i en Stund som denne!"
Og so kom ikkje Daniel til aa forklaare Samanhenge.
Han drakk; drakk med deim alle; Samvite var uheilt;
men full vart han.
X.
Yvi den breide Bygdi laa Hausten og tyngde med
myrk Himil og vaat Luft, og Skyine hekk nedyvi
Aasane som svære, kvite Forheng.
Cand. filos. Daniel Braut gjekk og saag paa dette; og
dei sky-hulde Aasane, og Skogen som drog seg
burt-etter Bakkane tett og myrk som ei Natt, minte han
um hans gamle Huldredraumar. Og han smilte i tunge
Tankar.
— Godt at han var komin fraa Byen. Det var ingin
her som skulde hava Pengar av han. Og ingin var
det her som kunde stinge han med flirande Augo av di
han hadde gjort seg til „Mjøltraavar". Dei hadde ikkje
sagt nokon Ting, dei der inne. Men han hadde set
det utanpaa deim kva dei tenkte. Var det sant at han
hadde vori hjaa Pater omnipotens og umvendt seg? Var
det sant at han sidan hadde pipi i Teatre og drukki
seg full? eller var det so at han ikkje hadde pipi i
Teatre — og drukki seg full? Men Ole Bentsen gjekk
og tala um kor skrøpelege me var, og kor snart det
var gjort aa falle tilbake.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>