- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
173

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173- BONDESTUDENTAR

og han lika seg ille. Men naar han saag paa dei
høge Aasane som stod og gjorde seg fagre og klædde
seg um og um med Skydukar og graakvitt Taake-Lin,
eller paa Skogen som drog seg burt-etter Bakkane
myrk og endelaus som ei Sorg, daa tenkte han paa
Huldri og paa Berta Maria. Og han kjende slik ein
sugande Saknad. Aa, um han hadde eit Menneskje
som forstod han, heldt av han! Aa, um han hadde ei,
han kunde elske! Her gjekk han so aaleine som ein
Tjuv um Natti.

Men naar han kom til Kveldsborde og høyrde
Proprietæren, og stundom Lensmannen eller Presten, sitja
der og leggje ut um alle Ting, og vera so trygge i sitt,
og vita so god Greide, so sukka han med seg sjølv
og tenkte: sæle er dei gamle som hev alt sit uppgjort
og greidt.

Lensmannen var ein gamall høg, graa Ungkar med
bleike juridiske Andlitsdrag og ei Nos som ein Bløyg;
Jurist var han, og Embættsmann vilde han heite. Men
Presten var den Pastor Ring, som Daniel ein Gong
hadde raaka ut for hjaa Grosserar Helle. No var han
komin hit; og her hadde han eit framifraa godt Kall.
Han var eldre aa sjaa til no; men hyggjeleg og
vyrdsleg. At Herr Braut ikkje var Jaabæksmann var han
glad med aa høyre; „det vil ogsaa i høi Grad glæde
Deres gamle Velgiører, Grosserer Helle," sagde han.
Gudskjelov; Grosserar Helle var komin seg uppatt no;
han dreiv ei Forretning som alt var i god Gang; og
han vilde visst snart vera i full Velmagt. „Aa ja; Herren
glemmer ikke dem, der gjøre vel." Daniel sat og tenkte
paa, um han kunde vera god-for endaa ein Gong aa
beda Grosserar Helle um Pengehjelp; men det fekk
vera siste Utvegen i alle Tilfelle.

Det var staut aa kunna vera i Lag med so gilde
Folk som desse. Den som berre hadde havt sine Sakir
i Orden; den som ikkje hadde havt noko aa vera rædd!
Han hadde aldri tenkt at ein Student kunde hava det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0183.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free