Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
182-
BONDESTUDENTAR
er!" No laut Proprietæren og læ so smaatt; men
Knutzon snudde seg braadt til Daniel og sagde: „ja
Di er vel ikke opposisjonel, Huslærer?" — „Ne-nei,"
stota Daniel og raudna.
Etter Middagen gav Fru Storr Musik. Det var stor
Musik; Daniel forstod ikkje det Grand, men klappa
naar dei hine klappa. Alle saag dei gode og fornøgde
ut der dei sat og røykte og kvilte og melta Maten,
mette og late som Gudar. Men Lensmannen og Endre
Storr sat i Sofaen og smaaprata, venteleg um Musik.
— Ja, soleis kunde ein hava det, naar ein var rik.
God Mat og Drykk; Fred og Ro og godt Lag; Venir
og Vyrdnad og alt som vel var. Og det um ein so
ikkje hadde meir Vit enn ein turvte. Tru det var sant
at Proprietæren ikkje var noko fløgd? Han saag ut
til ymist. Men kva gjorde det, naar han var rik?
Den som trong Hjelp av Folk, han maatte vera
vitug, og han maatte vera god. Og snild. Som eit
roti Egg maatte han gaa Folk under Augo; han maatte
vita aa bøygje sin Rygg um det so var for ein
Grind-stolpe. Men den rike var fri Mann. Han var like
gild og gjæv um han so var ein Tosk; ja um han var
ein Svinepels, kunde han klara seg; ingin hadde noko
aa segja til honom. Han turvte ikkje vera umvend
heller. Student Stensrud var ikkje umvend, og var like
gode Venir med Pater for det . . .
— Toddyen vart sett inn paa eit lite Bord i
Siderome. Spele slutta; Herrane fekk vera so gode aa gaa
inn og laga seg ein Taar.
— „Ja—ha; ja visst; den fjerde i Rækken, ja,"
høyrdest Endre Storr kvessa i, „jo—o det skal . . .
det skal ... bli længe det! Nu tar Utlanne til aa
sælle sine gamle Træskuter og bygger Jernskibe, og
vi gaar her hjemme og sætter vore Penger i de
Træskibe, som Utlanne skiller sej av mæ; ja; og naar
saa . . . naar saa Jern og Damp har seiret paa hele
Linjen, ja, saa sitter vi her mæ vore gamle Træskuter,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>