Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
184-
BONDESTUDENTAR
som skulde vera Grunnlage for ein Kapital, — vips!
ut for alle Vindar! Eig ein Mann tusund Dalar, so
skal Son hans ikkje arbeide, han skal studere ... og
so sumlar han burt dei tusund Dalane, og siden liver
han paa Gjeld og vert Kopist! — Maa eg so spyrja:
kor skal det koma Kapital fraa, og kor skal det koma
Dugleik ifraa ... for Kapital og Dugleik maa der til,
um me skal kunna konkurrere ... og kor skal den
koma ifraa, naar Kapitalen vert drepin i Fødsla, og
alle, som skulde kunna lære nokon Ting, gjeng og
kastar seg burt og vert Kopistar!"
Tri—fire ropande Røyster skreik upp og vilde svara,
men slog kvarandre ihel. Det einaste Storr fekk Tak
paa var nokre Ord fraa Lensmannen um vaar trufaste,
arbeidande Bonde. „Bonden?" ropa Storr; „var det
Bonden, Di sa? — Bonden er som me; men Bonden
er den verste av oss alle. Det er Villmannen, det,
som ... vil liggje paa Laaven og eta, eta og so sova,
og bry seg Pokkeren um i Morgo; lat oss berre ikkje
snakke um Bonden, De!"
Lensmannen sagde det var sümt, Grosseraren kunde
hava Rett i. Dei lægre Klassur no for Tidi var ikkje
so nøgde med si Stelling som dei burde vera; og det
var ein leid Ting at Bonden meir og meir gav seg til
aa drive ikring paa Bondevenmøte og dilikt i Staden
for aa arbeide. Men i det heile vilde Lensmannen
segja, at Bonden ut yvi Lande arbeidde som ein Træl,
arbeidde so trufast og aalvorsamt, at det vilde vera
Urett aa krevja meir av han. Petersen, som var
Son av ein Amtmann paa Vestlande, sagde det
same, og der vart ei samtykkjande Mulling rundt heile
Lage.
„Min gode Verson hev den Vanen aa brüka sterke
Ord," sagde Proprietæren med ein forsonleg Smil; „men
naar ein ser burt ifraa det . . . Eg er ikkje uhüga til
aa tru, at Folk ut-yvi Lande hev altfor lite Sans for
aa bruka Tidi. Tid er Pengar, segjer Engelskmannen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>