Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
186-
BONDESTUDENTAR
„Ja, det vilde vera norskt, det," kvesste Storr i med
sitt strævsame Maal. „Statsmagtine! — I upplyste
Land heiter det: help your seif; her er det Statskassa
og . . . Fatikkassa ... og Vaarherre og . . . men
ingin kann taka i sjølv, for ein Pokker! Statskassa —?
ja, det vil vel segja at det skulde skipast eit
Embætts-verk for den Saki . . . med Treskoinspektørar og
Tresko-professorar og ein Treskosjef i Kyrkjedepartemente . . .
ja; og so ei diger Bok med Innberetningar kvart Aar,
og Betenkningar og Planar og ditt og datt . . . Herre
Gud!" ropa han til Proprietæren, „berre finn Folk som
vil kaupe Tresko, so skal du nok sjaa Bonden lærer aa
gjera deim!"
Etter dette vart det eit Ordskifte um Embættsstande.
Lensmannen var forarga yvi den Treskosjefen og gav
litt vondt; dei unge Juristane hjelpte til; slikt skulde
ein upplyst Mann ikkje segja. Og det heldt Daniel med
deim i. Grosseraren svara ikkje stort paa dette;
men daa dei var ferduge forklara han, at naar det
uproduktive Embættsarbeide galdt for det høgste i eit
Land, so maatte Lande armast ut. Han vilde at
dei beste Hovud skulde leggje seg paa det praktiske,
og so kunde dei næstbeste eller midelsgode Hovud
greide all denne Protokolførsla og alle desse
Innberetningar. Lensmannen vart meir og meir raud i Kamben;
Becker og Petersen kalla Grosseraren for ein
Jaabæki-anar; Fru Storr sat og kremta. Det same gjorde
Proprietæren. Han visste sistpaa ikkje onnor Raad enn
aa halde ei Tale. Han tala for Embættsstande, vaart
hæderlege Embættsstand, som me maatte takke Gud
for; og den Tala slutta han med ei Skaal for
Lensmannen. „som her var Embedsstandens Repræsentant".
Lensmannen svara med ei Skaal for Odelsbonden,
den gjæve Odelsbonden, som sat paa si Tuve trygg og
gav all Verdi ein god Dag, men bøygde seg for sin
Konge og si Øvrigheit; den Bonden vilde Lensmannen
drikke for; den Bonden var Kjernen i Lande, og den
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>