- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
226

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

226

BONDESTUDENTAR

sidan bar det i Veg med „Middag paa Dampen". Det
var hardt aa gaa paa det no. Naar han kom inn i
den store myrke Matsalen, var der ei Matlukt so ram
og stram, at han vart mett med same; og so var her so
„folkelegt" og fælt. Klokka vel 2 kom Armodsdomen
fraa Skulane og Universitete strøymande; ikkje minst alle
desse Smaafolkssønine som studera . . . han hadde aldri
fyrr visst at dei var so stygge. Og han kjende Lukt
av Hybelen, av gamall Tobaksrøyk og Parafin, av
Kaffe-maskinar, Hushaldsbraud, Pultost; og han saag Minningar
av all den Vesaldom som fylgjer med, naar tunge
Arbeidskraftir set seg til og les, i Staden for aa slite
og arbeide i den friske Lufti. Sjølve Maten smaka
„folkelegt" her; han maatte ha vori fælt demokratisk i
den Tidi, daa han lika denne Kosten. Ender og daa
saag han Kjenningar som han ikkje vilde raake, slike
som Hærland eller Fram; dei saag endaa skralare ut
enn fyrr, totte han. Serleg Fram; han var lang og
losliten og mager, med eit langt Lurvehaar ned-yvi
Øyro og Akslir, so han saag ut som ein Kommunard;
det var ikkje likt til at dei „store Ideane" kunde
korkje føde eller klæde sine Folk. Daa hadde dei det
betre, desse gamle Departementskarane og Pensjonistane
som daa hadde sitt Brød; endaa dei saag ikkje glade
ut dei heller, der dei sat og maula yvi Lapskausen og
sine svikne Vonir, trøytte og leide, graae av
Papir-dumbe og Kontorluft, med smale, magre, turre Andlit,
med Maanar og Fleinskallar og graat Skjegg . . .
Buste-per’ar, Hønsehaukar med fallande Fjør, — underlege
Motstykke til Studentane. Men her og kvar sat Mennar
av Folke, skitne, tettbygde, stolpesterke Arbeidsmennar,
og aat og drakk so rolegt og hjartelegt som det ikkje
skulde finnast den Ting paa Jordi som heitte den Dag
i Morgo.

Daniel sat og saag paa dei gamle, til dess han forstod
deim. Dei hadde drøymt stort og fagert dei au ein Gong;
og so skulde dei no sitja her og maule Labskaus mil-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0236.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free