- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
231

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BONDESTUDENTAR

231

jau det var Statsmennar! Dei gav 1000 Dalar til kvar
gamall Prest som ikkje lenger kunde gøy, og skalv i
Kneom so snart dei saag Fjøri i Futehatten; men kom
det ein Mann som vilde skaffe Tankar inn i alt dette
Fleske, so fekk han gaa til Fatig-Kassa; kvi Fanden
gjorde han ikkje Flesk, han som dei andre? Ein kunde
stundom tru at desse Samrøringane hadde Rett i at
Lande var for lite til aa vera eit Rike, eller at det
ikkje var noko Land, men berre ei Samling av 400
Prestegjeld, som aldri kunde lære aa tenkje anna enn
Fatigmanns Tankar; og Vaarherre maatte vita, um dette
nasjonale Stræve vaart i Grunnen var anna enn tome
Draumar, bygde paa Gravhaugar og gamle Eventyr.

Karl Magnus gjekk og dreiv i ein gamall vid, slitin
Slengfrakke og høyrde paa dette; stundom stana han
framfor Spegilen og greidde sitt svarte Skjegg; uroleg
og underleg var han; Daniel bad Gud fri seg for aa
verte gamall Student. Stundom freista Karl Magnus
aa koma til Ords, men det nytta sjeldan; Dølen vilde
tala sjølv. Kva skulde han vel tru, spurde han, naar
han saag kor lite dei norske Odelsbøndane brydde seg
um baade Maale og Lande sitt? Dei gav sjuttan i heile
Stasen og drog til Amerika; det var den Hjelpi, me
fekk av deim. Og so sat han der, han stakkars
Kroken, i sitt kalde Kammers og skreiv og skreiv, og blés
paa Fingrane so dei ikkje skulde valne, og lo og slog
seg glad til aa sleppe aa graate; og dei las og lo og
hadde Gaman og totte den Dølen var ein trøysam Kar;
men dei vilde ikkje hjelpe han so mykje som med
lite Skriving dessmeir, so han kunde faa Tid til aa
arbeide paa slikt som betre kunde vise kva han dugde
til. Og var det ein Gut som det var Von i, so skulde
du mest jamt sjaa at han døydde fyrr han vart mogin.
Smaaruske og Skrape, det greidde seg; for det kunde
live seg under kvar Tuve; men var det eit Ungtre
som skaut seg upp, so vart det broti av Ver og Vind
og vonde Dagar; og det verste var at ein laut segja

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0241.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free