Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
242
MANNFOLK
ein Sekk og søkt i Myri. Og so var det ikkje noko
ho vilde heller. Hadde det endaa vori det. Men nei!
Det einaste ho vilde var aa eggje Mannfolki upp, so
dei skulde gaa der som Geitebukkar og gjera Kur alle
sitt Livs Dagar. Daa hadde Hornemann, som nok
sjølv i denne Tid gjekk paa Friing til Fru Bøckmann,
reist seg og sagt, at den som førde slik Tale um ei
Dame, og ikkje hadde annan Grunn for seg enn det
lausaste Karljohans-Snakk, han var ingin Gentleman!
Der vart eit Helvites Uppstyr. Sistpaa gjekk Bjølsvik
Berserksgang og vilde like i Strupen paa Hornemann;
det hadde löti brüka Magt til aa faa Karane skilde.
Dette sat dei no og friska uppatt for kvarandre, og
Bjølsvik ruska seg i Haare og banna og lo; for dette
var baade leidt og løglegt. Og det gjorde so godt i
Samvite aa faa det lagt fram.
— Dansen slutta, og Dansarlyden kom sigande fraa
Salen i langt Drag, slitande seg inn gjenom Døri med
Laatt og Leven, heite og raude som kom dei or
Koke-gryta. I ein halv Minutt var alle Stolar og Benkir
fullsette, so Folk mest sat i Fange paa kvarandre. Ein
Mann av Festnemndi dreiv att og fram med ei blaa
Sløyfe paa Kjolekragen, skygnande rundt seg med
aalvor-same Inspektør-Augo, helsande ender og daa. Ørsmaae
Gutar med store Nummer paa Bringa bauta seg gjenom
Stimen som Lakseungar i eit Stryk; dei skulde rundt
i alle Rom med 01, Brus, Selters, Vin, Kakur og Sigarar.
Blytt, som heile Tidi hadde Augo med seg, skvatt
upp rett som det var og sa: „mange vakre Smaapiker
her! mange vakre Smaapiker!" Tilslutt kom det ei, som
han var reint forhippa i. „Se, se, se; nei se! ser du?
Julie Lindner! ja. Hun i den brune Fløyels —; hun
som gaar med Georg Jonathan; ser du? brun, brunett,
rødbrunt Haar; nydeli Pike. Nydeli Pike." Han sat
og stirde som han vilde stire sine runde brune Augo
ut or Hausen.
„Jøss, flott Gjente; ho er paa Kontore hjaa denne
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>