Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
316
MANNFOLK 316
Aleksander Dumas, var der endaa Tale um noko som
heite „Brudenattens glødende Mysterier". Det lyddest
forunderlegt, dette; dei gjekk med nedslegne Augo for
kvarandre og var sprengfulle av Spursmaal; men det var
nok slike Ting som pene Piker ikkje maatte spyrja um.
Mangt og mykje var aa høyre av vaksne Folk og,
som ikkje var godt aa faa Greide paa. Der var noko
dei alltid berre tala innpaa; kva det var, det visste den
søte Gud; men noko var det; det kunde ein sjaa
utan-paa deim, helst paa Damune. Paa Gata hadde Julie
høyrt Ord som ho ikkje torde nemne heime; ein Gong
i sine Smaagjentedagar, daa ho i si store Tankeløyse
hadde nemnt eit slikt Ord for Nette, gjekk denne beint
til Fru Hauge med det; og so hadde Julie fengi Ris.
Det var den einaste Gongen Julie hadde vori ute for
slik Medferd; av den Grunnen hugsa ho Orde serskilt
godt. Ho hugsa mange andre og, som ho var rædd ho
skulde faa Ris for; ja mangt eit Ord gjekk ho og
gøymde vel paa, av di ho trudde det var stygt, endaa
det kannhende var rett uskyldigt. Men dei vaksne,
dei visste det. Fru Hauge visste det; Mor og Far visste
det; Nette visste det; kva kunde det vera som var so
rart, at ingin maatte vita det fyrr ho var vaksi?
Naar ho var aaleine, helst um Kveldane etter ho
hadde lagt seg, freista ho aa tenkje seg til kva det
kunde vera. Med Hjarta bankande i sin unge Barm
dikta ho ihop Roman etter Roman, og det var helst
Bjølsvik, som var Friaren. Eller Oskar Bye. Stundom
var det Bye fyrst; men naar ho kom eit Stykke uti,
kasta ho honom og tok Bjølskik i Staden. Friaren
gjorde daa Kur til henne paa alle Maatar, sende Blomar
og sa „Komplimenter", som i Bøkane; han var so
hug-tekin at han ikkje kunde liva utan henne; men ho var
kald og stolt. Endeleg, naar Bjølsvik, eller Bye, kom
so langt at han laag paa sitt siste og skulde døy,
forbarma ho seg. Ho steig inn i Sjukerome i siste Stundi,
gav Bye, eller Bjølsvik, Handi, og bøygde seg ned-yvi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>