Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
328
MANNFOLK 328
Johnsen vart snild mot henne; ho gav henne
Kjæle-namne Lili og freista gjera seg kjend.
Men Julie torde ikkje bli for kjend med deim; dei
kunde so lett koma etter at ho hadde sine eigne Vegar
og Vandringar.
Elles saag alt ut til aa kunna gaa godt. Men so
var det Carl Petersen, Kantorsjefen.
Carl Petersen var ein Mann paa 36 Aar, ein firkanta
snild Stavangergut, med blaae Augo og eit gildt, ljost
Munnskjegg, kry baade av Augo og av Skjegge. Men
det var faarlegt aa vera ven; det visste han. Det
var desse „Tausene", maa-tru. Dei forsaag seg so
lett paa eit Par vakre Augo, eller paa eit gildt Skjegg;
lagde dei so sine Garn ut, kunde ein snart vera fanga.
For Carl Petersen var ikkje meir enn eit Menneskje
han heller. Men no vilde ikkje Carl Petersen selja
seg for godt Kaup. Naar han gifte seg, skulde det
vera med ei Dame etter hans Hovud; det skulde vera
ei som det var verdt aa gifte seg med, ei med ein
rimeleg Kapital.
Han vart svært rædd Julie Lindner.
Slike livfulle Augo spaadde heitt Blod, og den friske
Munnen med liksom ein halvløynd Smil yvi seg var
ikkje for Katten. Kom han ut for henne so trudde han
knapt han greidde seg. Det var Folk som sa at ho
hadde ein Arv i vente; men det skulde dei ikkje koma
til Carl Petersen med ; ho hadde ikkje siti her daa og
ført inn Mjøl-Rekningar. Fraa ein Kjenning fekk han
dessutan vita at Far hennar drakk; og so gjekk snart
det i Rennesteinen som han kunde eige.
Carl Petersen heldt seg so langt fraa Julie Lindner
som Raad var.
Men so fekk han ein Mistanke um, at det ikkje var
honom ho angla etter. Snarare var det denne rare og
vigtige Fyren, denne „Jonathan", som Carl Petersen aldri
hadde kunna med, og som gjekk her og var halv
Frifant, av di han var juridisk Kandidat og kjend med Sjefen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>