Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
356
MANNFOLK 356
som kom serskilt „i Anledning Dagen": unge Studentar,
som etter Skikk og Vedtekt skulde drikke seg fulle for
Fridomen; eldre Studentar som vilde friske paa gamle
Minne; Ægtemennar som denne eine Dagen um Aare
hadde Lov aa vera ute til Klokka tolv. Dei myrke,
innrøykte Romi tok til aa sjaa livlege ut; Glas klingra
og Sigarar og Snaddur brann; det var greidt aa sjaa at
Folk hadde sett seg til her for Aalvor.
Ein jamn, døyvd Surr av Samtale og Laatt tok til
aa fylle Romi. Og gjenom Tobaksrøyken som tetna
og tetna kunde ein sjaa, at det glødde upp til Ordstrid
her og der; Hendar tok til aa hogge i Lufti, og Skallar
tok til aa raudne. Ender og daa høyrde ein høge Rop
eller sterke Laattar skjote seg upp or det store
Grunn-skravle, som Geysersprutar or eit kokande Dy.
Det var Vetostriden som var uppe ved dei fleste
Bordi; det snødde med Jus og hagla med
Grunnlovsparagrafar. Det absolute Veto vart sannprova og tynt,
og dei førande politiske Mennar hudflengde og lovsungne;
Huse Bernadotte vart avsett ein Gong i Minutten, og
Radikalaren Johan Sverdrup likso ofte send til Helvite
eller skotin.
Det kom Folk alt i eitt; akademiske Borgarar og
Kunstnarar. Myrk og uglad steig Bjølsvik inn; han saag ut
som han ikkje venta seg stor Moro her heller. Ved
Sofaborde i det ytre Rome fann han seg Sess; der
sette han seg til aa sture yvi ein Pjolter og eit
Numer av „Fligende". Skravle gjekk rundt han i høge
Sjøar; Folk hadde mykje usnakka i Kveld. Han høyrde
paa det stund-imillom med halve Øyro.
Midt framfor han i Sofaen sat Privatlæraren
Hummel-vik og greidde ut for ein eldre Herre, at Høgrepartie
var ein Drake som laag og valt ut-yvi Lande og laag
det ned. Den eldre Herren svara, at Vinstrepartie var
ein Saueflokk; stakk ein ut ein Pinde og fekk
Storbukken til aa hoppe yvi den Pinden, so kunde ein
gjerne taka Pinden burt att; alle dei andre hoppa etter
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>