Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
358
MANNFOLK 358
han; alt kunde den som elska. Men no var ho komi
so langt ifraa han, at Vaarherre maatte vita kvar han
skulde finne henne att. Han hadde skræmt henne.
Sanningi var vel elles at ho aldri hadde havt Tanke
for han. Hadde ho det havt, so vilde ho ha set at
han heldt av henne.
Millom deim som kom var Maalaren Otto Nielsen;
han sette seg burt-til Bjølsvik og helsa han fraa
Constance. Han og ein annan Maalar hadde vori ute og
set til henne i Dag, fortalde han; ho laag og
„galoppera" og skulde døy i Natt eller so.
Men det var det beste som kunde hende henne,
meinte Nielsen; han sat og laga ein Whiskytoddy. So
slapp ho aa koma i Vik’a. Det hadde vori vondt aa
sjaa henne att no. Ho var so avfalli. Berre Skinn
og Bein og eit Par skræmeleg store Augo. Kroppen
kom burt i dei Fillune ho laag i. Mæle hadde ho ikkje;
ho kunde berre kviskre; i Munnvikine var Skum.
Men rædd var ho ikkje; ho hadde vel ikkje Kraft til
det. Ho berre jamra seg for, at det var vondt aa
skiljast fraa gamle Venir; dei fleste hadde elles gløymt
henne no. Ja og so var det Systeri, Ottilie. Den
vakre fjortanaars Ungen maatte alt gaa paa Gata etter
Herrar, so det vart Mat til Huse. Det turvtest so
mykje no. Constance trøysta seg med, at det var mange
som laut taka til med slikt Liv i endaa yngre Alder.
Presten hadde vori hjaa henne; men han hadde ikkje
vori fornøgd. Ho var ikkje angerfull nok, hadde han
sagt. „Liksom det var saa lett aa angre paa det, som
har vært den eneste Moroa i Verden," sa Constance.
Ho slog seg til Ro med at ho hadde vori snild mot
Gutane sine, og at ho aldri hadde havt med andre enn
Maalarar aa gjera. Mot deim hadde ho vori trufast.
Ja ho hadde det. I andre Maatar hadde ho gjort
det ho kunde; han Gamlingen som laag burti Benken,
han vilde segja det same um han kunde tala. Dei tvo
Maalarane hadde gjevi henne dei Skillingane dei hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>