Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
370
MANNFOLK 370
hadde han ikkje tort leggje seg, men hadde drivi att
og fram paa Golve som galin; han hadde havt det so
vondt at han kunde ikkje fortelja det; men han hadde
alltid havt det for seg, at han ikkje vilde gjera noko
som han sidan skulde trega; og han hadde vunni; han
hadde vunni! „Skulde det være saa’n Moro aa gaa
sine beste Aar bort i Strid med sej selv?" sagde Gram.
Nei, svara Bugge; men ein vart Mann av det!
Ordskifte vart ned-døyvtmed Skravl og Skraal og ufjelge
Visur; Georg heldt ikkje ut lenger, men gjekk. Nils
Bugge fylgde; „nu er Bunden naaet," sagde han. Midt
paa Golve stod ein høg bleik Fyr og heldt politisk
Tale; med seint, rolegt Byraakratmaal forsikra
han, at Hs. Maj. Kongen „ubetinget havde absolut
Veto i Grundlovssager" ; han „maatte med den
største Bestemthed fastholde som et afgjørende Moment
_a
I den Stundi sovna Minne for Gabriel Gram; Minne
og Umtanken. Berre ein liten Flekk i Heilen hans
vakte enno.
Paa den Flekken steig det fram eit Bilæte: eit lite
ljost, koselegt Rom med raude Veggir, og i det Rome
ei Gjente i kvit Nattbunad.
Han reiste seg av Stolen; fann ein Hatt som ikkje
var hans; gløymde Yvi-skorne og rusla.
Som ein Ring i eit Tryne drog det fagre Bilæte ’n
av Stad; trygg som ein Svevngangar tok han Vegen
nedyvi til Vik’a.
Det hadde sliti og regnt litegrand; no blés det vaatt
og svalande. Men Vaar var i Lufti; i Morgo maatte
det vera Sümar. Maanen var høgt uppe og full;
Sky-ine dreiv yvi Himilen graakvite og hastande som Røyk
av ein Verdensbrand. Gabriel Gram sjangla litegrand
stundom, men visste det ikkje; han tenkte aldri det
Grand, og hugsa ikkje lenger att-ende enn til sine
eigne Hælar.
Fullt av Folk var det all Stad; men det gaadde han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>