Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
388
MANNFOLK 388
hamen. Minst lika han Kvendi. Tenkje seg aa elske
slike tunge raudleitte Drunsedrosir med store runde
Andlit, som var so friske at det blenkte i deim. Presten
hadde ein ven Maate aa tala paa; det kom so rolegt
og mildt; men store Talegaavur hadde han ikkje.
I den øvste Stolen paa Mannfolksida sat Lensmannen ;
det var ein gamall graa Bonde. Klokkaren, som hadde
ein Stol for seg sjølv, var ein høg, stygg Mann med
Andlite yvigrott av Skjegg og dei smaae Augo djupt
innunder Pannebrunine. Han song so det skrall; han
laut gjera ein Stans for kvar Strofe, daa Folke alltid
kom noko etterpaa.
Heime i Huse saag ein ikkje stort til Presten; han
sat paa Kantore jamt. Ved Middagen eller um Kvelden
fortalde han gjerne nytt fraa Bladi, men ikkje noko
politiskt, naar Laurits var inne. Derimot kunde han
tala um kyrkjelege og moralske Ting. Det hadde vori
ein Strid i Vinter millom Professor Thorne og
Folke-høgskulelærar Meier um Ægteskape; Spursmaale var,
kor mykje „den ved Kristendommen rensede og
helligede naturlige Kjærlighed" skulde ha aa segja i den
Sak. Presten fann at det var eit uklaart Spursmaal;
Laurits kom til aa smile. Daa Presten saag paa han,
liksom spyrjande, sagde Laurits paa godslegt men turt
Kristiansandsk: „Det er nok Teologi dette." Sidan
fortalde ikkje Presten noko fraa Bladi, naar Laurits
var inne.
Der var faamælt i Huse i det heile. Dei unge
gjekk stilt med sitt; og det var visst sjeldan at
Presten og Frua tala saman. Kva skulde dei tala um.
Eit heilt Liv hadde dei livt ihop; dei maatte kunna
kvarandre.
Frøkni livde for den sjuke Bror sin. Han hadde
det nok ikkje godt; Lesning og Elskhugssorg skulde
ha sprengt Hovude hans; ho vilde faa han til aa søkje
Jesus. Gamle Frua au livde for Kristian. Tidleg og
seint var ho etter han med god Mat og styrkjande
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>