- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
394

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

394

MANNFOLK 394

meint at noko var sagt um Ægteskape naar ein sagde
at det var umoralskt; no vilde han segja som Maalaren
Blytt: ein klarar seg best, naar ein aldri tenkjer paa
Moralen. Slik ein Samfundsbøtar skulde freiste paa
aa reformere Banken eller Børsen etter moralske
Grunnsetningar; reformere Kreditbanken etter den
Grunnsetning: du skal elske din Næste som deg sjølv!

Men Georg tottest alt kjenne kva Veg det bar. Det
var ikkje det same no som fyrr aa vera saman med
Gjenta si; det hadde fengi denne Usmaken av Plikt.
Ho var ikkje ei fri Kvinne som han vann kvar Dag,
og som gav seg av di ho elska; ho var ei Borgarkone
som hadde teki paa seg den Ting aa vera Mor for
Borni hans, og som med Loven i Hand kunde krevja
hans Elskhug. Ikkje um dei siglde ut Fjorden med
„Mylady" var det det same som fyrr. Dei maatte helst
vera tri no; Nina Bøckmann, som hadde vori glup og
gjort seg Godvenir med Julie, var med deim stundom.
Enno var han glad i Julie; ho hadde ei Magt yvi han
som var naturstridig; men Glansen var gjengin av henne;
ho var ikkje Dame; ho var Dotter av ein Hotelvert.
Um ei Tid kom han til aa elske henne likso „pent og
lidenskabsløst og pligtmæssigt" som andre Ægtemennar
elska desse bundne Kvinnur; han visste det; han kjende
det paa seg. Men han kjende seg angerlaus. Han
hadde forklaara henne Ægteskape; men ho vilde ikkje
forstaa. Ho vilde vera „dydziret". „Ved du, hvad
hun har sagt mig? Hun har sagt følgende
Nederdrægtighed: ’egentlig har jeg altid tænkt, at vi skulde gifte
os; ellers havde jeg ikke gaaet med, kan du skjønne’."

Men Georg kjende den som var intelligent nok til aa
forstaa kva Ægteskape var; henne skulde han vori gift
med. Og han kunde ha vori gift med henne, dersom
han ikkje i den Tid hadde vori bundin av nokre
Smaa-gutdoktrinir um, at det ein lova skulde ein halde o. s. fr.,
— liksom ein her skulde kunna lova. Men never
mind! Han forstod Ægtemennar som Bøckmann og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:47:58 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1908/0404.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free