Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men Daniel kjende seg meir og meir modlaus. Der banka
det paa Døri. «Kom!» ropa Gamlingen. «Ja, som sagt,
nu vet je ingen Ting, Gutten min; men De faar
avertere! — Godkveld, Godkveld!» sagde han til den
nykomne, «naa, det var bra, De kom. Sitt ned! Ja,
Godkveld, Gutten min!» — Daniel gjekk; han kjende seg
so underleg kald, og so tung i Føtane.
Han gjekk heim og sette seg. Han tenkte ikkje; berre
sat og var modlaus. Etterkvart tok han til aa drøyme.
Kanskje var der ei Meining i dette med. Kanskje
Vaar-herre ikkje vilde at han skulde binde seg til noko
Arbeid; han hadde kanskje Hjelpi liggjande ferdug, og den
vilde han sende naar Naudi var størst. Ein Dag naar
han kom heim svoltin og trøytt, og reint modlaus, laag
der eit Brev paa Borde til han med 100 Dalar i og berre
dei Ordi: «fraa ein ukjend Ven; friskt Mot!» Og naar
dei Dalane var ende, so kom det eit nytt Brev av same
Slage___Han sat og rekna ut korleis han paa beste
Maaten skulde brüke desse Pengane; men han kom
etter, at 100 Dalar var reint for lite; og so drøymde
han Draumen um att so, at no laag det 200 Dalar i
Breve. So banka det paa Døri; Daniel skvatt upp...
Men det var berre Gregus Johnsen.
Dagen etter gjekk Daniel upp i Universitetshalli og
saag etter, um der var nokon Huslærarpost utlyst. Jau,
der var ein, — hjaa ein Doktar burtpaa Strilelande.
Daniel gjekk att med ein Gong. Vaarherre kunde daa
aldri vilja at han skulde grava seg ned paa
Strilelande.
Han hadde ikkje Ro lenger til aa sitja inne og lesa.
Ikkje kunde han gaa paa Fyrilesningane heller; hadde
anna aa tenkje paa. Han gjekk mest og dreiv paa Gata
og døyvde sine rædde Tankar i Draumar; og han hadde
ei løynleg Von um, at han paa denne Maaten kunde
133
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>